onsdag 11. februar 2009

Den forbode kjærleik


Under en ny måne, orginaltittelen New Moon, er skrive av Stephenie Meyer. Meyer er fødd 24. desember 1973. Ho debuterte i 2005 med fantasiromanen Twilight, på norsk Evighetens kyss. Under en ny måne er bok nummer to i Twilight – serien. Boka blei gitt ut i 2008 av forlaget Gyldendal, men på engelsk i 2006 av forlaget Little, Brown and Company.

Bella Swan er klossete, nysgjerrig og er heilt fortapt i kjærleiken til vampyren Edward. Den forbode kjærleiken mellom dei viser seg og ikkje være så lett å leve med. Forholdet får ei brå vending da ein av familiemedlemane til Edward angrip Bella. Edward innser kva slags vesen han er, og korleis han setter sin kjerleik, i livsfare. Og mot kva alle ønskjer, gjer Edward kva instinktet seier. Konsekvensane blir større enn kva Edward ser for seg.

Den menneskelege Bella Swan er ei nokså normal tenårings jente. Ho går på High School i den regnfulle byen Forks, han er regnfull og kald. Livet er ikkje like enkelt for Bella, og ho slit med det prinsippet at ho blir eldre for kvar einaste dag.

Edward er ubeskriveleg vakker og ung, og blir ikkje eldre. Med sin familie er ikkje Edward lik andre vampyrar. Dei drikk ikkje blod, men dei lukter blodet til Bella ubeskriveleg godt. Kjærleiken mellom Bella og Edward gjer at dei held saman uansett kor vanskeleg situasjonen er, og viser at den forbode kjærleik ikkje er mogleg.

Gjennom Under en ny måne ønskjer Meyer å få frem bodskapen om kor vanskeleg det er for ein av partane i eit forhold, vil han eller ho gjere alt for at dei skal helde saman. Det at dei elskar kvarandre er sterkare enn at liv står på spel, sjølv om det handlar om livet hennar. Boka fortel noko om at kjærleik kan styre fleire livsviktige situasjonar, sjølv om det ikkje alltid fører til noko godt. Meyer skriv på ein lett og ledig måte, så bodskapen kjem godt fram i denne fantastiske boka. Alt ho skriv virker så levande, og får ein til å føle seg som ein del av handlinga. Denne lidenskapelege måten Meyer skriv på, gjer at ein nyt kvar einaste side. Boka er på 613 spennande nøye detaljert sider, og ofte samanlikna med andre vesentlege gjenstandar eller situasjonar ein opplevar i mennesket sitt verkelege liv. Den forbode kjærleiken ho skriv om, er så interessant.

For meg var boka både ei sørgjeleg og spennande fortsetting av Evighetens kyss. Eg anbefaler boka til personar med interesse for vampyrar og andre umenneskelege vesen. Likar ein bøker ein kan gråte ein skvett av, er Under en ny måne nokså mitt i blinken. Eg gir boka terningkast 5, fordi sjølv om Under en ny måne er spennande og sørgjeleg, oppnår ikkje boka heilt forventningane ein får etter Evighetens kyss.